Om Evju

Heile garden med historiske samlingar blei i 1975 testamentert til eit «levande bygdetun og kultursenter»  av siste eigar, lærer Jon Evju d.y. Han tok godt vare på familietradisjonane og samla også historiske gjenstandar og kulturhistorie frå Telemark.

Evju Bygdetun teikna av Jon Lindheim

Evju Bygdetun teikna av Jon Lindheim

Utanfor det autentiske gardstunet, har det blitt tilflytta fleire kulturhistoriske bygningar etter at Evju blei bygdetun: Vengeburet frå Stenningen er det siste bevara i bygda, bruka til tørking av lin og korn. Beltevevarstugo  fortel historia om folkekunstnaren Hælge Storskot som utvikla Beltestakken. Møllargutstugo fortel historia om spelemannen Møllarguten som voks opp i denne stugo ute på Nesodden. Kittelsenstugo er flytta hit frå Indleggen der far til eventyrteiknaren Th Kittelsen voks opp. Holtanstugo med rosemåling av Ola Hansson er flytta frå garden til Kaptein Hans Ibsen, ein av forfedrene til diktaren Henrik Ibsen.

Evju Bygdeturn er eit unikt utgangspunkt for å formidle lokal og regional kulturarv i Telemark. Det er allereie opparbeida turstiar frå Gvarv langs elva «Grøne Gangar» gjennom kulturlandskapet på Evju med Gapahuk i Eventyrskogen, over Leikvangmogane og opp til Hørte, med gangbru over elva til turstiar i Bø kommune. Evju Bygdetun har beitedyr i dette landskapet og fleire nabogardar med kyr, sauer og hestar. Ei av sykkelrutene i Telemark går også gjennom garden. Kulturlandskapet blir bruka gjennom heile året og er lett tilgjengeleg for folk i alle aldrar.

Dei siste åra er det registrert over 10.000 besøkande.

Stabburet frå 1700-talet og Eldhuset med logoen vår i takspiret.

Stabburet frå 1700-talet og Eldhuset med logoen vår i takspiret.

Drift.

Garden skal etter statuttene vera eit levande bygdetun  med mål om å ta vare på og vidareutvikle  gardskulturen gjennom aktivt bruk. Stiftelsen Evju Bygdetun driv jord, skog og forvaltar 16 gardshus med aktivitetar knytt til formidling av kulturarv mot barn og unge, lokalbefolkning og turistar. Fleire interessegrupper brukar ulike lokaler til faste aktivitetar kvar veke gjennom året.

Vi har faste undervisningsdagar for skoleklasser i gards og kulturhistorie innan Den kulturelle skolesekken for Sauherad og andre kommunar etter avtale. Vi tilbyr kurs i «Kreativ matlaging» for bedrifter og grupper. Vi tek imot grupper til omvisning eller kurs med servering heile året.

Vi haustar frå garden etter årstidene urter, grønsaker, bær og frukt og har som mål at eitkvart måltid vi tilbyr folk skal ha minst eit «ureist» gardsprodukt og elles gode råvarer frå Fruktbygda.

Evju Bygdetun arrangerar utstillingar, kurs, konsertar, foredrag, aktivitetsdagar, matdagar og historisk spel. Fleire lokaler på tunet med kjøkken og utstyr blir leigd ut til møter eller bryllaup, konfirmasjonar og andre private feiringar.

Den kulturelle skulesekken med 6.kl frå Jord til bord - jordepler og søtepler i Fruktbygda

Den kulturelle skulesekken med 6.kl frå Jord til bord – jordepler og søtepler i Fruktbygda

 

Vi driv Evju Bygdetun med respekt for fortida som kan gje oss større kunnskap om nåtida og ei bærekraftig framtid.

 

Organisering.

Stiftelsen Evju Bygdetun er ansvarleg for all drift på garden og bygdetunet. Museumstyrar i 70% stilling er tilsett og lønna av Sauherad kommune. Museumstyraren har nært samarbeid med administrasjonen og det frivillige kulturnettverket i Sauherad. På Evju Bygdetun er det fleire arbeidsgrupper med dugnadsfolk som utfører ulikt arbeid i samråd med styret.

 

Mål for drifta på Evju Bygdetun:

  1. Formidling – gjennom aktivitetar og opplevelsar for alle sansar
  2. Forvaltning – gjennom aktivt bruk og vedlikehold
  3. Bevaring – gjennom registrering, kartlegging og publisering

  

Stiftelsen: Ingeborg Jorid Vale, Torstein Sannes, Nils Flatland, Nils Angard, Guro Fosstveit, Svein Torsdal.

Arbeidsgrupper:

Nes og Saude Bygdetunlag: leiar, Nils Flatland

Beltevevarkomiteen: leiar, Guro Fosstveit

Salsbua: Dordy Dalen, Liv Unni Andersen.

Bunadkurs: Nils Flatland, Gunvor Strømodden, Randi Langåsdalen.

Fotoregistrering: Guro Fosstveit, Finn Rønning, Olav Kaasa, Nils Flatland, Aslaug Torstveit.

Nes nasjonale Dansarring: Grete Prestholdt Roligheten

Ungdans: Harald Omnes

Klunkelaget: Sigmund Aasdalen, Kittil Lindheim

Broderikafeen: Liv Berit Kaasa, Anne Ruth

Kulturlandskap: Erling Furunes

Dugnadslauget: Olav Kaasa

Smedlauget: Svein Torsdal

Bryggelauget: Svein Torsdal

Gardsverkstad: Rune Nilsen

Kalendergruppa: Nils Flatland, Guro Fosstveit, Eivind Lønheim, Jorid Vale

Broderidamene i arbeid.

Broderidamene i arbeid.

 

Aktivitetar kvar veke:

Mandag:    Bunadkurs i Fjoset
Tirsdag:     Yoga i Fjoset ved Martina Fedtke
Onsdag:     Broderikafe i Våningshuset
Torsdag:    Dugnadslaug i arbeid på garden.
Ungdans og Nes nasjonale Dansarring i Fjoset

 

 

Kontakt

Sætrevegen 44
3810 Gvarv

Tlf: 35 95 57 08
Mob: 93 20 93 55

E-post: post@evjutunet.no

Følg oss