Utleige

Evju Bygdetun har blitt leigd ut til Bryllaup, Barnedåp, Navndag, Konfirmasjon og Jubileumsfeiring gjennom snart 40 år.

Vi har fleire egna lokale for utleige der folk kan ordne til slik dei ønskar med opprydding og vask etterpå.

Fjoset.

Stort rom (ca60m2) med plass til over 80 stk, 50 handlaga stolar med pute,40 klappstolar, faste bord og bord til å slå opp, kjøkken med alt av dekketøy til 100stk, oppvaskmaskin, kokeplate, to store kjøleskap, frysar, kaffetraktarog vatnkokar. Konsertpiano.Toalett i garderoben og handicap toalett rett ved.  Kr. 3500,-

Våningshuset.

3 rom med småbord og plass til ca 40 i Raudstugo/peisestugo , ca 20 i Gamlestugo og ca 20 i Gamlekjøkkenet som også kan brukast til buffet. Godkjent kjøkken med alt av dekketøy til 80 stk, oppvaskmaskin, 2 komfyrar, mikrobølgeovn, kjøleskap med fryseplass, kaffetraktar og vatnkokar. Garderobe med to toaletter i kjellaren som også har inngang frå bakken. Kr.3500,-

Eldhuset.

Stort rom med vedfyrt Bakarovn, peis, bryggepanne og vedovn med plass til ca 40 rundt borda med veggfaste benkar. Komfyr, kaffetraktar, vatnkokar, kjøleskåp, frysar, varmt og kaldt vatn og dekketøy til ca 40. Oppvaskmaskin inne i Våningshuset. Toalett over tunet. Kr.1200,-

Låven.

Åpent langt rom (ca 80m2) med sene, dansegolv, bar med kjøleskåp,veggfaste benkar, 50 klappstolar og småbord. Leddlys langs bjelkane i taket. Mest egna til bruk i sommarmånadene utan oppvarming. Forbudt med bruk av stearinlys. Kr.1000,-

Telt.

Vi har to kvite Partytelt/ Quick-up  4×8 m kr.1000,- for det eldste, kr.1500,- for det nyaste.

Lydanlegg.

Vi har også eit godt PA anlegg som kan settast opp både ute og inne med 6 kanalar, 2 mikrofonar med stativ og 1 trådlaus. kr. 1000,-

Prosjektor.

Vi har prosjektor med lerret som hengast på vegg. Kr. 500,-

Dukar.

Vi leiger ut dukar til kr.100 pr stk

Bryllupsfeiring på tunet.

Bryllupsfeiring får bruke både Fjoset, Våningshuset, Eldhuset og Låven med alt utstyr. Ved bryllup om sommaren stenger vi Bygdetunet for publikum lørdag. Folk kan starte å stelle til i fleire av lokala frå torsdag og rydde opp søndag. Vi tilbyr ein kjentperson frå tunet som kan hjelpe til med oppvask under middagen. kr.2000,- Utleige av tunet: kr.15.000,-
Vi kan ta husvask av alle lokala om de ikkje vil gjere det sjølve. kr.3000,-

Heile tunet er røykfritt område med museale hus. Anvist røykeplass ved parkering.

Tangen ved elva.

Husmannsplass under Evju ved elva med brygge. Turstiar i kulturlandskapet og enkel bilveg frå Evju. Stort tun med grasbakke for camping, grillplass, utedoar og sommarvatn ute. To av husa kan også leigast ut; Eldhuset med peis, vedkomfyr og plass til ca 15 i to små rom utan strøm. Stugo med strøm, peis, vedkomfyr, elektrisk komfyr, kjøleskap, dekketøy og plass til ca 15. To soverom  i andre etasje. kr.2000,-

Gapahuken i Eventyrskogen.

Med støtte frå Sparebankstiftelsen har vi bygd ein stor Gapahuk med bålplass i Eventyrskogen nedanfor Evja under tunet mot Tangen. Denne kan brukast fritt av alle gjennom heile året. Vi har  også skuleklasser i aktivitetar her.

Inngang Våningshuset.

Velkommen !

 

mobil-sommar-2016-174evju_dansmobil-sommar-2016-173

Gardsjentene i Eldhuset

Gardsjentene i Eldhuset

Kontakt

Sætrevegen 44
3810 Gvarv

Tlf: 35 95 57 08
Mob: 93 20 93 55

E-post: post@evjutunet.no

Følg oss